Epost:
astrid.ardal@gmail.com
Telefon:
97112868
Web: www.aktivlaering.no
Adresse:
Myrerveien 19
0494 Oslo
Biografi:
Min kjennskap til Feldenkraismetoden starta då eg søkte hjelp for ein ryggskade, og fekk undervisning hos Bonnie Bergsmo i Oslo. Ho var den første utdanna feldenkraispedagogen i Norge, og var medarrangør for ei utdanning i Malmø der eg begynte i 1991. Seinare gjekk eg over til Mia Segal si utdanning i Nederland, og var ferdig i 1995. Eg starta feldenkraispraksis i Oslo same år, og kombinerte dette med deltidsstilling som klassestyrar for elevar med multihandikap i Osloskolen.
Dei følgande åra deltok eg på mange av Mia Segal sine vidaregåande kurs og utdanningar rundt om i Europa. På eit slikt kurs vart det vist ein video der Moshe Feldenkrais jobba med eit handikappa barn. Videoen gjorde eit sterkt inntrykk, og kom til å representere ei «før og etter» hending i livet mitt. Fram til då hadde eg kun arbeidd med vaksne, eg begynte no å gi feldenkrais timar for barna på skolen.
Feldenkraismetoden støtta barna sine læringsprosessar på ein slik måte at utviklingspotensialet deira vart tydelegare. Etter kvart såg eg med «nye augo» på den totale opplæringa for desse elevane. Eg kom i kontakt med Dr. Lilli Nielsen frå Danmark, som arbeidde etter den same grunnforståing om dynamisk læring som det feldenkraismetoden var basert på. Ho hadde utvikla opplæringssystemet «Aktiv Læring» og i fleire tiår undervist om dette over heile verda. Sidan 2007 har eg undervist om tilrettelagt opplæring for barn med spesielle behov, både i Norge og Danmark.
Spesialisering i forhold til arbeid med barn:
Aktiv Læring
2000 – 2002: Kursrekka Aktiv Læring I-III v/Dr. Lilli Nielsen,
2007: Hovudfag i pedagogikk ved UiO «Tilgang på læring Systemretta opplæring for barn med langsam læringstakt».
2004- 2012: Dr. Lilli Nielsen som mentor i forhold til arbeid med handikappa barn.
Feldenkraismetoden:
2019: Workshop: NeuroMovement®: Transform Children with Special Needs v/ Anat Baniel
2019: Workshop: Introduction to Child`Space, based on the Feldenkraismethod
v/ Ortal Goldshmid og Sabine Schmid Blackaby
2020: Workshop: Introduction to Jeremy Krauss Approach v/Thomas Farnbacher
2019 -2020: Advanced training: WORKING with CHILDREN
v/ Nancy Aberle Feldenkrais Post-Grad Studies Zurich